tirsdag 12. oktober 2010

Nyheitsstraumar og iGoogle

Tirsdagen er lang arbeidsdag, med jobbing både på Hafslo og på Skjolden. Då er det eksta godt å komma heim og veta at dagen har gått bra.
 Jobbinga med "Sosiale medier" har eg hatt ferie frå i nokre dagar, så no er det berre å ta føre seg tema 4.
Filmsnutten var informativ og grei for korleis bruka nyheitsstraumar.
Eg er inne på http://www.google.com/ig, Her har eg lagt til gadgetar og sletta gadgetar og gjort meg kjend på sida. Eg har vore innom Vg og abbonert på dette via RSS, 
 Ser at eg kan ha nytte av dette i jobbsamanheng men kjem nok i fyrste omgang til å prøva  det ut for meg sjølv.

"Metodisk har jeg intet lært,
men jeg har tenkt og spekulert,
og lest meg til en del av hvert". Henrik Ibsen (1826-1906)  

2 kommentarer:

  1. Hallo
    Tykte betre om den blå løysinga (utforming). Orange vart litt tja...ikkje heilt deg. Bra sitat! Kor har du funne dei?

    SvarSlett
  2. Merkeleg...eg har framleis blått???. Får gå inn og sjå om eg kan ordna på det då :)
    "Den store sitatboken"...flott bok som eg har langtidslån på....

    SvarSlett