Så var dagen med vesle Tuva over for denne gongen. Ho er ein liten gullklump som alle barnebarn er:). Er eit flott privilegie me besteforeldre har som får vera saman med barnebarna våre, livets dessert vert det så fint kalla og jammen er det det og:)
No har roen senka seg i huset og helgestemninga kryp inn i kroppen, To firbeinte, gode og utslitne etter trimturen, søv godt i sofan . Eg har teke fram pc-en for å gjera meg meir kjend i bloggverda...ikkje like enkelt for ei som er heilt blank på dette område. Me fekk mange gode tips på kurest i går, men det er ikkje like enkelt å huga alt.
No skal eg kosa meg med boka "Hotellet på hjørnet av bitter og søt",
Einig i at barnebarn er topp. "Hotellet på hjørnet av bitter og søt" har eg lese. Det er ei fin bok å kose seg med ei skikkeleg haust-helg. Det stormar rundt nova hos meg!
SvarSlett