søndag 17. oktober 2010

Haustferieveke

Ei flott veke er til endes. Eg var som vanleg på jobb. Heldigvis hadde eg langhelg fri frå torsdag.
 
Torsdag starta med fin fjelltur. Synfaring for eine garden vår er varsla freda, etter §19 og 15. Difor synfaring på stølane. 
 

Ein fine tur fekk me i nydeleg haustvær

Vakre haustfargar


Ørna øg haukar i leik over fjellkanten


Fredag kosa eg meg med Oda og Erik, to herlege barnebarn. Me var ute og gjekk tur og var innom butikken og handla. Oda laga smykke og armband.  Flotte timar, medan karane var på jakt, hadde me i lag.
Middagen fekk me servert på Solstrand. Dekka til ein storfamilie på 18 personar, men der det er hjarterom er det alltid husrom :-) Her fekk me nydeleg lammesteik med mykje godt tilbehør. Er alltid kjekt å få vera saman med sine nærmaste. Tenk så heldige me er som har så mange me kan kosa oss i lag med.
Laurdag samla me alle her hjå oss. Menyen var graut, både av ris og rømme. Gode timar i lag, Dette kan me  leva lenge på i mørke vinterkveldar, 

"Kan man være glad for lite, har man mye å være glad for" (Ukjent)

1 kommentar: