| Fortun 07.10.2010 |
Skype er eg kjend med frå tidlegare og det var kjempegreitt å bruka då eg hadde dottera og svigerson min i utlandet. Eg og barnebarnet Oda koste oss med samtalar og videokamera der me kunne både sjå og høyra tante og onkel. No har eg last Skype ned på denne maskina og, men trur kanskje ikkje eg kjem til å nytta meg så mykje av det no.
Windows Live Messenger har eg også brukt lenge og tykte det var ok. Var mykje i bruk fram til eg vart Facebook-brukar. Då vart det chat-en der som tok over.
Biblioteksvar har eg brukt i job. Heilt ok.
G-talk har eg lasta ned no og starta leggja til kursdeltakarane.
Har prøvt denne chaten, men er enno meir konfortabel med chaten i Facebook.
No føler eg meg litt meir i gang og håpar å leva opp til dette:
"Forandre seg kan ingen, forbedre seg kan alle" Ernst von Feuchtersleben (1806-49)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar