torsdag 30. september 2010

Kurs

Førde og kurs...sosiale tenester....dette var moro:)

6 kommentarer:

  1. Så var eg igang, men må seia at det er litt skummelt. Trøstar meg med at ingen starta utlærde, så her får me prøva og feila. Kursdagen i dag var fantastisk interessant, kjempeflink inspirator så tusen takk for ein fine og lærerike dag i Førdehuset.

    SvarSlett
  2. I dag passar eg vesle Tuva, minste barnebarnet mitt, og det er kjekt. No tek ho seg ein liten kvil og eg er innom denne sida for å gjera meg meir kjend. Mykje å læra ser eg, og mykje eg har lyst til å læra. Har vore innom og kikka på fleire bloggarar i Luster. Dei unge er desidert flinkast, men kanskje dei velvaksne kjem luntande etter...

    SvarSlett
  3. Flott at du følte kursdagen var givande! Og no er du i gang! Eg er sikker på at du kjem til å føle deg meir komfortabel med bloggefenomenet etter kvart.

    SvarSlett
  4. Forresten, ver obs på skilnaden mellom kommentar og innlegg/post i bloggen.

    SvarSlett
  5. Takk for tilbakemelding!
    Eg skulle kanskje skrive inlegget i dag som ein ny blogg?
    Kva meinast med punkt 3 under blogging". Etikettar, tags...kan eg få eit eksempel?

    SvarSlett
  6. Innlegget skulle du kanskje ha skrive som eit nytt blogginnlegg i staden for ein kommentar til eit tidlegare blogginnlegg. Kommentarar vert gøymde i kvart innlegg, medan nye innlegg kjem på framsida av bloggen.

    Etikettar er stikkord som skildrar innhaldet i kvart innlegg. For eksempel kan ein typisk etikett til dette innlegget vere t.d. "kurs" "Web 2.0". Dette er til hjelp når besøkande skal finne innlegg som dei er interesserte i å lese om i bloggen din. Trykkjer dei på ein etikett, så får dei opp alle innlegga dine som er merka med same etikett i staden for at dei må bla gjennom alle innlegga dine.

    SvarSlett