torsdag 18. november 2010

Oppsummering

Siste time av kurset skal eg skriva nokre tankar eg har kring sjølvstudiet.
-det har vore interessant og spanande
-det har vore mykje jobbing
-har vore innom mange emne
-lært litt om alle desse

Kor langt er eg kommen:
-eg må sortera kva eg skal bruka.
Det er no eg må tenkja igjennom kva sosiale medier eg vil fortsetja å bruka.
Desse må eg læra meir om, fordi eg  ikkje har hatt tid til å setja meg grundig inn i dei.
I jobsamanheng har eg mogelegheit for å påvirka, komma med innspel til bibliotksjefen fordi eg kjenner til desse mediene.

tirsdag 16. november 2010

Nettsky


Kva i all verda er det som gjer at eg får denne ? Eg har kopiert "Embed code" og limt inn i HTML, så kvifor denne??
Jippi der kom teksten og ikkje berre "Denne siden kan ikke..." Ser og at endringar i dokumentet  kjem inn i blogginlegget.

Jul på Månetoppen ~ Dele alle ord og tanker


Tykte denne passa så godt til det arbeide me har drive med i sjølvstudiet vårt. Jula nærmar seg og då er dette eit kjent og kjært innslag for mange.

Arbeida i Nettskya

https://docs.google.com/document/d/1oMMORcZuzV2wYUm6Al27oSNQZzEzbm3PyOa0YE7fZzg/edit?hl=en

Mykje prøving og feiling her ja, men det er vel det ein lærer av. Har laga meg eit dokument og det har eg delt med Ellen, og lagt det ut her. Kjekt å jobba i Nettsky, og ein stor fordel at ein kan ha tilgang på desse overalt ein har nett og pc. Men eg prøvde å byggja inn ein snutt frå "YouTube" som eg tykte passa til dette tema men det fekk eg ikkje til: den får eg leggja til som ein eigen då?

Sorgen er seg selv nok, men for å ha fullt utbytte av gleden, må man ha noen å dele den med.
Mark Twain

onsdag 10. november 2010

Wiki

Så har eg jobba med tema Wiki.
Wikipedia har eg brukt mykje og har god erfaring med det. Trur ikkje eg kjem til å bli ein (ivrig) bidragsytar men vil nytta meg av det.
Har vore innom dei ymse Wikane og kjem nok til å vera innom og sjå om eg finn noko interesant.
Eg har vore inne på http://smakavweb.pbworks.com/w/page/30334756/FrontPage og "En bok jeg nettopp har lest og laga eit inlegg der. Har også vore inne og sett på opprett en ny side og sett på inlegga til Ellen og Else.
Fann denne på YouTube. Ok forklaring her og.

Farsdag






Det e
Det er det fæle ved å være over 30 år: at ens kjærlighet ikke lenger er blind (Arne Garborg)

mandag 8. november 2010

Podcast

      Primtallenes ensomhet
Omslagsbilde
 Bokomtale
  Denne har eg lånt frå Vestre Toten sine bokpods. Ei bok eg har tenkt å lesa, og etter eg har høyrt denne formidlinga kjem eg til å gjera det. Kanskje dette er framtida for biblioteka. Ein felles dugnad for heile landet der kvart bibliotek får tildelt sine bøker og les inn eit utdrag og har bokomtale av bøkene. Dugnad, både til inspirasjon og til enklare litteraturformidling.
Skulle gjerne hatt barne- og ungdomsbøkene i ein bokpods.


Koseleg program på Nrk P1

Johns Hopkins PodMed - Weekly Health News Podcast

Helse på nett

No er eg litt i tvil om eg har gjort dette rett. Ser den vert linka opp mot RSS en som ligg på mi iGoogle side?